Nyheiter

Nye tilbod frå hausten 2022.

7. mai 2021

Frå hausten kan du få prøve deg som komponist og arrankør av dine eigne låtar i vårt nye tilbod MUSIKKTEKNOLOGI. Lærar Håkon Knudsen vil lære deg å bruke programmet FLstudio, og gi dine låtidèar eit arrangement, rytme og form. Du må disponere eige nettbrett med headset og ha tilgang på programmet FLstudio.

Vi vil også gi dei yngre barna på 4 og 5 år eit tilbod om musikkleik saman med songlærar Beate B.Kvalsvik. Her får borna synge, danse og trene opp rytme og musikalitet.

Du som er vaksen og saknar eit dansetilbod har no sjansen i vårt nye tilbod Voksendans. Her vil Nadhira og Rodrigue variere mellom dansestilane og gi deg både dansetrening og ein triveleg måte å kome i form på.

For deg som har eit tilbod i kulturskulen har vi PÅBYGGINGSFAG som betyr at songelevar kan velge  «Performancel» som er trening i sceneopptreden og oppsetting av små syngespel.  Du som spelar eit instrument kan melde deg på samspel i «Band». Og dansar du t.d. ballett kan du også velge å trene saman med andre dansegrupper som Jazz og HipHop.  Desse tilleggsfaga gir også 25% rabatt på kontingenten.

« Les meir

Du kan søke elevplass gjennom heile året.

26. mai 2020

Vi tek inn elevar frå ventelista etter kvart som det vert ledige elevplassar.

« Les meir

TRUDDE DU AT KULTURSKULEN VAR STENGT ?

22. april 2020

Ja, lokala våre er stengt for undervisning, men elevar og lærarar står på for fullt.

« Les meir

Nytt tilbod etter «Blås i skulen»

20. november 2019

For deg som har hatt «Blås i skulen i haust, kan vi no tilby vidare blåseopplæring i grupper i Kulturskulen.

 

« Les meir

Nye ansikt i Kulturskulekollegiet

28. august 2019

Bak frå venstre; Nikolas Fehr, Marianne Hafsaas, Håkon H.Knudsen, Marianne Giske, Frøydis M.Smith,  Audun Skorgen,  Kim Erik Lillestøl,        Eva Hessen  og Åge Frøystad.

Framme frå venstre;   Beate B.Kvalsvik,  Nadhira Vonstad,   og Ilona R.Lapinskiene

« Les meir

Stor søkning til kulturskulen

19. juni 2019

Mange søker plass i kulturskulen til neste år, og vi må rekne med ventelister på fleire fag.
Men vi har ledige plassar på andre tilbod.

« Les meir

Tid for å søke plass i kulturskulen

6. mars 2018

SØKNADSFRIST  19. MAI

Du kan melde deg  på dans, teater, visuell kunst.
gitar, piano, fiolin og vokal.
og alle slags korpsinstrument.

« Les meir

Lærarstaben Hausten 2017

25. september 2017

Sykkylven kulturskule har i haust utvida lærarstaben betydeleg. Fire nye lærarar og utvida fagtilbod. Talet på elevplassar er nesten dobla sidan hausten 2016.

« Les meir

Ledige plassar trass rekordinnmelding

30. juni 2017

Kulturskulen har ledige plassar sjølv om både elevtal og antall elevplassar i sesongen 2017/18 er rekordhøgt. Ein må heilt tilbake til 1979 for å finne tilsvarande antal elevar. Den gongen var elevtal og elevplassar 237.

« Les meir

Stine Regina fekk Drømmestipendet!

1. juni 2017

Stine Regina Tusvik fekk i kveld Drømmestipendet i forbindelse med kulturskulen sin elevkonsert i Sykkylven kyrkje.

« Les meir

Design og nettløsning: Doghouse