Lærarstaben Hausten 2017

Sykkylven kulturskule har i haust utvida lærarstaben betydeleg. Fire nye lærarar og utvida fagtilbod. Talet på elevplassar er nesten dobla sidan hausten 2016.

Publisert 25. september 2017

laererstab

Marianne Giske har vore med oss sidan januar 2017 og er vår messingpedagog. Ho kjem frå Ålesund og hovudinstrumentet er kornett. Ho har og lang erfaring som korpsdirigent. Marianne  har musikk- og lærarutdanning frå Høgskulen i Volda. Ho underviser i «Blås i Skulen» på seks av sju skular i tillegg til at ho er læraren til dei fleste messingelevane våre. Marianne er fast dirigent for Larsgården skolekorps og Sykkylven skulekorps.

Nikolas Fehr er vår nye piano-, orgel og akkordeonlærar og pianist. Han kjem frå Canada og USA og har master og doktorgrad i kyrkjeorgel.
I tillegg har han bachelor i akkordeon. Nikolas er óg tilsett som organist i Ålesund kirke.

Marianne Hafsaas er vår nye fløytelærar. Ho kjem frå Bergen og har master i fløytespel frå Norges Musikkhøgskole, Universitetet i Stavanger og Hochschule für musik i Dresden.
I tillegg til å vere fløytelærar underviser Marianne på klarinett og fløyte i «Blås i Skulen» på fem av sju skular. Ho er og lærar i kulturskulane i Ørsta og Volda og dirigerer Volda skulekorps. Som lærar i grunnskulen i Stranda, gjennom Stranda kulturskule, hadde ho to finalistar og vann i vår like godt Veslefrikkprisen med den eina gruppa si.

Audun Skorgen er vår nye gitar- og basslærar. Han kjem frå Blindheim i Ålesund og er utdanna bassist frå Jazzlinja ved konservatoriet i Trondheim (NTNU).
Han har jobba som utøvande musikar i mange år og var fram til i haust tilknytta Møremusikarane. Han er og lærar i Ålesund kulturskole og på Fagerlia videregende skole.

Sara Akslen er vår danselærar i haust, og har faglig ansvar for våre over 90 danseelevar.
Ho går siste året på danselinja på Fagerlia, og er hovudinstruktør i Hip-hop ved Sula danseskule.