Ledige plassar trass rekordinnmelding

Kulturskulen har ledige plassar sjølv om både elevtal og antall elevplassar i sesongen 2017/18 er rekordhøgt. Ein må heilt tilbake til 1979 for å finne tilsvarande antal elevar. Den gongen var elevtal og elevplassar 237.

Publisert 30. juni 2017

l-up-arrow-2

I 2016/17 hadde kulturskulen 159 elevplassar fordelt på 151 elevar. I skrivande stund har kulturskulen neste sesong 273 elevplassar fordelt på 226 forskjellige elevar.

Sjølvsagt spelar oppstart av dans- og teaterfag inn her, men vi må óg heilt tilbake til 80-talet for å finne fleire musikkelevar i ein sesong. Skulekorpsa har rundt 30 aspirantar til saman, og alle får opplæring gjennom kulturskulen. Mange av desse hadde korps i skulen i 2016/17. I tillegg går juniorane og mange av seniorane i korpsa vidare i kulturskulen.

Dans

64 har så langt meldt seg på dans. Her er kapasiteten nærare ubegrensa. Kulturskulen har høyrt rykter om at det skal vere fullt på dans, men dette er ikkje sant.

Vi oppmodar folk til å melde seg på dans, og særleg ungdommar frå 13 og opp og vaksne. Alle grupper blir delt inn etter dansestil og alder. Vi har vaksne som har meldt seg på dans, men treng fleire for å kunne forsvare ei eiga vaksengruppe!

Musikk

Vi har nokre plassar ledige på vokal/song, piano, fiolin og gitar/bass. Vi strekker oss og langt for å ta inn korpsaspirantar (blås og slagverk) om det kjem inn fleire.
Musikkbarnehage og Musikkarusell har fortsatt ledig kapasitet.

Teater

På teater har vi 9 elevar så langt. her er det plass til fleire og særleg eldre (ungdomsskule og opp) oppmodast til å melde seg på.

Visuell kunst

På teikning/maling/forming har vi omtrent same elevtal som har vore dei siste åra, og her er det fleire plassar.

Meld dykk inn her: https://nosykkylven.speedadmin.dk/tilmelding#/

Design og nettløsning: Doghouse