TRUDDE DU AT KULTURSKULEN VAR STENGT ?

Ja, lokala våre er stengt for undervisning, men elevar og lærarar står på for fullt.

Publisert 22. april 2020

IMG_2085

På biletet er det Johanna som spelar saxofon under UKM

Dei fleste får videoundervisning, og nokre lærarar har kontakt med sine elevar via telefon og e-post.

Men alle står på for å halde vedlike den gode utviklinga elevane hadde før Coronaen stengte lokala våre.

Vi håper sjølvsagt at det ikkje vil ta alt for lang tid før vi igjen kan ønske elevane våre velkomne tilbake til Kulturskulelokala på kulturhuset. Vi saknar den nære kontakta og det intime læringsmiljøet vi hadde tidlegare med mykje ein til ein undervisning og små grupper av elevar.  Og vil sakne dei koselige huskonsertane vi hadde planlagt framfor sommerferien. Men alt dette skal vi ein dag få oppleve igjen om vi er litt tolmodige.

Vi minner om at NYE søkarar må søke digitalt før 25.mai,

og at same fristen gjeld for våre elevar som vil reregistrere seg for eit nytt skoleår.

Design og nettløsning: Doghouse