Reglement

  1. Elevar og foreldre/føresette pliktar å kjenne til denne instruksen, og rette seg etter den.
  2. Søknad om opptak i kulturskulen skal utførast gjennom søknadsskjemaet som ein finn på kulturskulen si heimeside.
    Kulturskulen har opptak heile året, men eit hovudopptak med prioritert opptak i juni.
  3. For 1. års elevar: Opptaket er bindande for minst eit halvt år, dvs. for haustsemesteret.
    Dersom ein 1. års-elev ønskjer å slutte etter endt haustsemester, må det sendast skriftleg utmelding frå foreldre/føresette innan 1. desember.
    Oppseiing av elevplassen sendast på mail til kulturskulen@sykkylven.kommune.no
    Dersom 1. års-eleven ikkje møter opp til vårsemesteret, og utmelding ikkje er levert innan fristen, gjev opphøyr ikkje fritak for semesteravgifta for vårsemesteret.
    Elevar som ønskjer å fortsetje heile skuleåret, går automatisk vidare utan å levere melding til kulturskulen.
  4. Elevar frå og med 2. skuleåret: For elevar som går frå og med 2. skuleåret, er deltakinga bindande for heile skuleåret.
    Dette inneber at elevdeltakinga forpliktar betaling av årskontingenten (for heile skuleåret).
    Tilbakebetaling av deler av årskontingenten kan berre finne stad dersom det er tale om lengre tids sjukdom eller flytting frå kommunen.page1image14944
  5.  For elevar som går 1. skuleåret:
    Betalingskrav av elevkontingenten vert sendt ut 2 gongar for året, ca. 1. oktober for haustsemesteret, og ca. 1. mars for vårsemesteret.
    For elevar som går frå og med 2. skuleåret: Betalingskrav av elevkontingenten vert sendt ut for heile skuleåret i haust- semesteret, ca. 1. oktober.
    Semesteravgifta skal betalast innan den påførte betalingsfristen. Elevkontingenten vert fastsett av kultureininga i kommunen.
  6. Opptaket er bindande om tildelt plass ikkje er oppsagt innan 14 dagar etter tildeling.
  7. I løpet av vårsemesteret skal alle elevar gjennom re-registrering i Speedadmin bekrefte om han/ho vil fortsetje eller seie frå seg plassen etter endt skuleår.
    Svarfristen vert fastsett av kulturskulen, og same dato som hovudopptaket.
  8. Ved sjukdom og annan gyldig grunn til fråver, skal eleven v/føresette så langt det er råd gje melding om fråveret til kulturskulen i førekant av undervisningstimen.
    Timar som eleven har mist som følgje av fråver, har eleven ikkje rett til å få tilbake.
    Dersom eleven er fråverande fleire gongar etter kvarandre utan å gje melding om grunnen til fråveret, kan han/ho miste plassen.
  9. Eleven ved foreldre/føresette må stå til ansvar for instrument som er til utlån.
    Ved skade på utleigde instrument, skal det straks gjevast melding til kulturskulen.
    Det er ein eigen kontrakt for leige av instrument som må signerast av foreldre/føresette. Kontrakten vert inngått for eit skuleår (20. august – 20 juni).
  10. Denne instruksen er godkjend av Kultureininga.
Design og nettløsning: Doghouse