Stine Regina Tusvik fekk i kveld Drømmestipendet i forbindelse med kulturskulen sin elevkonsert i Sykkylven kyrkje.
Publisert 1. juni 2017
Norsk kulturskoleråd og Norsk tipping deler for fjortande år på rad ut 100 stipend pålydande 10.000 kroner til talentfulle kulturskuleelevar. Kvar enkelt kommune kan nominere ein elev innanfor kvart av fagfelta musikk, dans, teater, visuell kunst, nysirkus, skrivekunst eller klassen «anna» som gjerne er ein kombinasjon av dei andre klassene.
I år var det nasjonalt nominert 1512 personar. Frå Møre og Romsdal var det 112.
Stine Regina Tusvik er ein av 100 vinnarar i 2017. Tildelinga vart gjort av Jarle Strømmegjerde, som er styremedlem i Kulturskolerådet Møre og Romsdal og leiar av Levekårsutvalet i Sykkylven kommune. Drømmestipendet har tidlegare berre vorte tildelt ein sykkylving – Stine Hole Ulla i 2011.
Vi gratulerer! 🙂
Sjå Stine Regina sin nominasjon her: http://www.drommestipendet.no/profil/?id=3711
Vi er no klare for inntak av elevar for skuleåret 26/27.
28. april 2026
TRUDDE DU AT KULTURSKULEN VAR STENGT ?
22. april 2020
Nytt tilbod etter «Blås i skulen»
20. november 2019
Nye ansikt i Kulturskulekollegiet
28. august 2019
Stor søkning til kulturskulen
19. juni 2019