Om Sykkylven kulturskule

Sykkylven Kulturskule har vore i drift sidan januar 1978 og er eit offentleg kommunalt tilbod som gjev opplæring i kunstfaga. Administrasjonen og undervisningslokale finn du ved Aure barneskule, medan danseundervisninga foregår ved kulturhuset i Sykkylven.

Sykkylven Kommunale Musikkskule vart starta i 1978 og som namnet seier var det frå starten ein rein musikkskule. Musikkleiarstillinga hadde vorte oppretta i 1976 og erstatta Musikkinstruktøren som Sykkylven hadde hatt sidan 60-talet. Frå 1978 til 1986 var Musikkleiar og Musikkskulerektor ein og same person. Frå 1986 vart rollane delt på to personar. Både rektor og musikkleiar var i tillegg til administrative funksjonar óg lærarar i kulturskulen.  I dag er begge desse stillingane igjen samla hos ein person.  I 1997 vart kulturskulen lovfesta.  I 2017 endra skulen namn til Sykkylven kulturskule.

I dag tilbyr Sykkylven Kulturskule musikk, dans, teater og visuelle kunstfag.

Hovudopptaket for skuleåret  vert gjort i juni, men vi tar inn elevar fortløpande så lenge vi har kapasitet. Alle søknadar skal no sendast digitalt ved at du fyller ut søknadsskjemaet på nettsida vår.

Om du vil søke på restplassar eller stå på venteliste kan du sende inn den digitale søknaden når som helst.

Design og nettløsning: Doghouse