Nytt tilbod etter «Blås i skulen»

For deg som har hatt «Blås i skulen i haust, kan vi no tilby vidare blåseopplæring i grupper i Kulturskulen.

 

Publisert 20. november 2019

Aspiranter_tilp

Mange av elevane har vist stor interesse og hatt stor framgang på instrumenta sine i haust og vi vil derfor tilby

desse ei oppfølging alt frå januar.

Marianne Hafsaas, Marianne Giske og Håkon Knudsen vil undervise grupper av ivrige blåsarar framover våren

til ein spesialpris kr. 1200 for halvåret. Du søker på vanleg vis på digitale skjema på denne nettsida.