Nye tilbod frå hausten 2022.

Frå hausten kan du få prøve deg som komponist og arrankør av dine eigne låtar i vårt nye tilbod MUSIKKTEKNOLOGI. Lærar Håkon Knudsen vil lære deg å bruke programmet FLstudio, og gi dine låtidèar eit arrangement, rytme og form. Du må disponere eige nettbrett med headset og ha tilgang på programmet FLstudio.

Vi vil også gi dei yngre barna på 4 og 5 år eit tilbod om musikkleik saman med songlærar Beate B.Kvalsvik. Her får borna synge, danse og trene opp rytme og musikalitet.

Du som er vaksen og saknar eit dansetilbod har no sjansen i vårt nye tilbod Voksendans. Her vil Nadhira og Rodrigue variere mellom dansestilane og gi deg både dansetrening og ein triveleg måte å kome i form på.

For deg som har eit tilbod i kulturskulen har vi PÅBYGGINGSFAG som betyr at songelevar kan velge  «Performancel» som er trening i sceneopptreden og oppsetting av små syngespel.  Du som spelar eit instrument kan melde deg på samspel i «Band». Og dansar du t.d. ballett kan du også velge å trene saman med andre dansegrupper som Jazz og HipHop.  Desse tilleggsfaga gir også 25% rabatt på kontingenten.

Publisert 7. mai 2021

Musikkteknologi