Rammeplanen vedtatt som styringsdokument for Sykkylven kulturskule

Sykkylven kommunestyre vedtok i kveld samrøystes kulturskulerådet sin nye rammeplan; «Mangfald og fordjuping» som styringsdokument for kulturskulen.

Publisert 20. mars 2017

l-156_orig_433bf85a807e09fd0be2602580e9a478

Norsk kulturskoleråd har på oppdrag frå sine medlemmar, kommunane i Noreg, utarbeida ein ny rammeplan for kulturskulen. Her har det særeigne for norske kulturskular blitt ivaretatt, samstundes som planen etablerer ei nasjonal fellestenking som vil bidra til eit ytterlegare kvalitetsløft for skuleslaget. Den nye rammeplanen har fått tittelen «Mangfald og fordjuping» og er kulturskulen sitt eige kunnskapsløft.

Skuleeigar vedtok i kveld samrøystes at rammeplanen skal vere eit styringsdokument for Sykkylven kulturskule.

Kulturskulen er heimla i opplæringslova § 13.6: «Alle kommunar skal åleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilod for barn og unge i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles».

Rammeplanen har 4 kapittel:

1: Kulturskulens samfunnsoppdrag

  • Kulturskulens forankring i opplæringslova og Noregs plikter i henhold til FN’s barnekonvensjon. Vidare kulturskulens verdigrunnlag, mål og rolle som lokalt ressurssenter, fag og organisering.

2: Prinsipp og retningslinjer for kulturskulevirksomhet

  • Skuleeigar og rektor sitt ansvar, lærarrolla, profesjon og kvalitet i kulturskulen.

3: Fagplanar

  • Opplæringsplanane for kvart enkelt fagområde – dans, musikk, teater, skrivekunst og visuell kunst. Denne delen er under stadig utvikling. Basert på strukturen i rammeplanen skal det utarbeidast lokale undervisningsplanar i kvart einskild fag som kulturskulen til ei kvar tid tilbyr undervisning i.

4: Kvalitetssystem

  • Arbeid med kvalitetsutvikling i kulturskulen har som mål å vidareutvikle skuleslaget på alle målområda i rammeplanen. Kontinuerlig og planmessig eigenvurdering og refleksjon over eigen praksis er føresetnader i dette arbeidet.

Last ned rammeplanen som pdf.