Sykkylven Kulturskule

Sykkylven Kulturskule har vore i drift sidan januar 1978 og er eit offentleg kommunalt tilbod som gjev musikk- og kulturopplæring. Administrasjonen finn du i Sykkylven kulturhus, medan undervisninga foregår både desentralisert på skulane og ved kulturhuset på Aure.

Publisert 21. november 2016

Sykkylven Kommunale Musikkskule vart starta i 1978 og som namnet seier var det frå starten ein rein musikkskule. Musikkleiarstillinga hadde vorte oppretta i 1976 og erstatta Musikkinstruktøren som Sykkylven hadde hatt sidan 60-talet. Frå 1978 til 1986 var Musikkleiar og Musikkskulerektor ein og same person. Frå 1986 vart rollane delt på to personar. Både rektor og musikkleiar er i tillegg til administrative funksjonar óg lærarar i kulturskulen. I 1997 vart kulturskolen lovfesta og Kulturskuleloven er 20 år i år.

I dag tilbyr Sykkylven Kulturskule musikk, dans, teater og visuelle kunstfag.
 
Hovudopptaket for skuleåret 2017/18 blir gjort 23. juni men vi tar inn elevar fortløpande så lenge vi har kapasitet.
Alle søknadar skal no sendast digitalt ved at du fyller ut SØKNADSSKJEMAET.
Om du vil søke på restplassar eller stå på venteliste kan du sende inn den digitale søknaden når som helst.