Strømmegjerde inn i styret

Jarle Strømmegjerde er valt inn i styret i Kulturskolerådet Møre og Romsdal.

Publisert 1. april 2017

l-delegater

På fylkesårsmøtet til Kulturskolerådet i Molde den 31. mars, vart kommunestyrerepresentant og leiar i Levekårsutvalet, Jarle Strømmegjerde, valt inn i styret for Møre og Romsdal. Kulturskolerådet er kommunane sin utviklings- og interesseorganisasjon for kulturskulen og står mellom anna bak rammeplanen som Sykkylven vedtok den 20. mars.

Sykkylven stilte med fire delegatar; folkevald Jarle Strømmegjerde, ordførar Odd Jostein Drotninghaug, kulturskulerektor Erlend Eide og kulturskulelærar Trine Ramnefjell.

Design og nettløsning: Doghouse