Marianne Giske inn i lærarstaben!

Sykkylven skulekorps sin dirigent, Marianne Giske, er engasjert som messingpedagog fram til sommaren.

Publisert 7. februar 2017

l-0-10526066_10152558734722254_8677237158000963627_n

Marianne Giske er engasjert som messingpedagog i Sykkylven kulturskule fram til sommaren. Ho har vore med på laget sidan nyttår, men det er først i dag vi kan bekrefte at ho blir verande hjå oss fram til sommaren.
Marianne underviser på kornett/trompet samt Korps i Skulen på Sørestranda, Ullavika, Velledalen og Vik. Ho dirigerer Sykkylven skulekorps og Larsgården skolekorps i Ålesund, og har blant anna tidlegare vore dirigent for Sykkylven janitsjarorkester.

Design og nettløsning: Doghouse