Stine kom heim med stjernelag!

Sykkylven kulturskule sin tidligare elev, Stine Hole Ulla, song laurdag med Ole Edvard Antonsen og Didrik Solli-Tangen i Sykkylven kyrkje.

Publisert 11. desember 2016

l-14063906_10153919074572843_1891076515839708517_n

Kyrkja var fylt til randa av publikum, og artistane leverte ein glitrande og overbevisande konsert med eit godt og variert program. Ole Edvard Antonsen sine julekonsertar har blitt ein tradisjon og i år er det Stine Hole Ulla frå Ikornnes som er handplukka til å vere med. Det må ha vore spesielt for Stine å kome heim med dette laget og at «heile» bygda møter opp! Stor stemning og stor stas for folket i heimbygda.

Stine vann Norske Talenter i 2012 som 17-åring, og platedebuterte med julealbumet «Verden Blir Hvit» i november 2013 kor mellom anna Kringkastingsorkesteret medvirka. Ho tar timar med Solveig Kringlebotn og har vore tilknytta talentutviklingsprogramma til NTNU Institutt for musikk i Trondheim og ved Barrat Due i Oslo. Ho deltok i finalen av Melodi Grand Prix 2016, med låten «Traces».

Ole Edvard Antonsen, Stine Hole Ulla og Fredrik Solli-Tangen i Sykkylven kyrkje. Foto: Arne Furland