Sykkylven kulturskule hadde ei rekke elevkonsertar og ei kunstutstilling 4.-6. desember, og frammøtet var godt.
Publisert 8. desember 2016
Lærarane tjuvstarta med lærarkonsert på BUAS tysdag den 29. november før den virkelige festivalen starta søndag den 4. desember med elevkonsert på BUAS. Utstilling av arbeida til visuell kunst-gruppene hang på Sykkylven Kulturhus frå måndag den 5. desember og same kveld var det og to konsertar på kulturhuset. Tysdag den 6. desember avslutta vi festivalen med konsert i Sykkylven Kyrkje. Elevane gjorde ein kjempeinnsats, og for mange var dette første gongen dei spelte for eit større publikum.
Første konsert på kulturhuset tysdag vart i lengste laget – det var her stor påmelding, og rektor tar på seg ansvaret for å ha undervurdert lengda på denne konserten. Når vi først var igang måtte vi berre gjennomføre. Påmeldinga og programoppsett vil bli styrt på ein heilt anna måte neste gong. Men tross lengde og mykje folk var stemninga god og elevane fekk vist seg fram på ein god måte.
Svært godt gjennomført av alle elevar og lærarar, og takk til dei nær fire hundre publikummarane som var på konsertane og utstillinga!
Orgelet vart tatt i bruk på kyrkjekonserten.
Konsert på kulturhuset.
Konsert på kulturhuset.
Frå kunstutstillinga på kulturhuset.
Frå kunstutstillinga på kulturhuset.
Kammermusikk på kyrkjekonserten.
Nye tilbod frå hausten 2022.
7. mai 2021
Du kan søke elevplass gjennom heile året.
26. mai 2020
TRUDDE DU AT KULTURSKULEN VAR STENGT ?
22. april 2020
Nytt tilbod etter «Blås i skulen»
20. november 2019
Nye ansikt i Kulturskulekollegiet
28. august 2019