Velkommen til Sykkylven kulturskule
Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.
Skulen vart oppretta i 1978 og har i dag 13 lærarar og omlag 250 elevar. Størsteparten av undervisninga er på Sykkylven kulturhus.
Skulen gir også tilbodet «Blås i skulen» til alle 3.klassingane i grunnskulen.
Du kan søke plass gjennom heile skuleåret, og vi set deg på venteliste til det dukkar opp ein ledig elevplass.
Sykkylven kulturskule vil vere eit ressurs- og kompetansesenter som fremjer skaparglede gjennom kunst og kultur. Kulturskulen skal gi opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle born og unge som ynskjer det. Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske uttrykk. Kulturskulen opererer i nært samarbeid med lokalt kulturliv, og er ein sentral del av den samanhengande utdanningslinja som kan kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Opplæringa skal gi barn og unge danning, fremje respekt for andre kulturar, bevisstgjere eigen identitet, bli kritisk reflekterande og utvikle eigen livskompetanse.