Kulturskulen gir i dag tilbod om dans i desse sjangerane;
Barnedans for Førskule alder.
F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på klassisk/ballett.
F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på Hip-hop/Street.
F.o.m. 3.klasse kan ein melde seg på Jazzdans.
F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på Folkedans.
Jazzdans: Dette er ein mangfoldig dansestil og kan vere alt ifrå moderne dans til musikal. Den har
tekniske elementer fra ballett men med meir fart og energi og her lærar vi dynamikk, musikalitet,
kombinasjoner og bygger styrke og fleksibilitet itillegg til koordinasjon og energi.
Klassisk ballett: Dette er grunnteknikken innen all dans og legger teknisk grunnlag for all anna
type dans. Det er derfor anbefalt å danse klassisk ballett sjølv om ein vil fokusere på andre
dansestiler. Her lærar og jobber vi med styrke, holdning, posisjoner, disiplin, fleksibilitet,
musikalitet og danseglede.
Hiphop: dette er ein dansestil med dagens musikk eller musikk som hører til hiphop sjangeren.
Her jobber vi med koordinasjon, isolasjon av forskjellige kroppsdeler, forskjellige rytmer og
musikalitet, trinn, kombinasjoner og sjølvtillit.
Barnedans: her lærer barna å danse gjennom leik! Musikk, leik og rytmer er med på å utvikle
danseglede og utvikle bevegelsemønster og motorisk utvikling. Dette er til barn mellom 4-5 år
som introduksjon til andre dansestiler.
Vaksendans: dette passer for alle vaksne, ingen øvre grense og her vil vi variere dansestiler!
Danseglede, bevegelse og musikalitet står i fokus.
Folkedans; Dette passar for alle aldrar og er ei innføring i folkelege dansetradisjonar som t.d. Ringdansar, songleikar, Reinlender eller polka.
Her samarbeider vi med Sykkylven frilynde ungdomslag som hentar inn danselærar.